mandag 5. oktober 2009

Scrapbooking

Før tenkte eg alltid med scrapbooking, hadde ein store ark med bilder og tekst, men det er det jo sjølvsagt ikkje. Med scrapbooking meinar ein vel kort, boksar, og så å sei alt som har med papir å gjere.

Dei to nederste bildene er ikkje noko oppskrift på.
Det er ei bok med pappsider utan innhald som er kjøpt på Libris, og dekor velger ein sjølv.

Men her er nokre ting eg har laga, og forskjellige "oppskrifter" kan dåke finne her:
http://papirgleder.no/

 

 

               

 

                         

                   

         

             

             

 

søndag 4. oktober 2009

Hårspray eller skom?

Kva syns du er best? Hårspray eller skom? 

Eg brukte Schwarzkopf Got2Be mousse før, og var vel eigentleg fornøgd med den. Men det var ein ting som var litt irriterande, og det var at mykje av håret klistra seg saman, men elles var den jo heilt grei.
Kva syns du om Schwarzkopf Got2Be mousse?


Men Proffs hårspray derimot er elskverig. Den er også mykje billigare enn Schwarzkopf Got2Be mousse. Og eg syns den funke mykje betre også, og dei store samanklistra hårdottane eg fikk av Got2Be, får eg ikkje av Proffs hårspray. Og i tillegg til at Proffs er billegare, er det meir i  den. Den vare i vert fall kjempe lenge, og eg brukar ein del av den!
Så kva syns du om Proffs hårspray då?

lørdag 3. oktober 2009

Utplassering

Etter høstferien skal vi i klassen vere 2 veke ute i praksis, og eg skal vere på legekontoret her. Lure på korleis det kjem til å bli. Men i går, fredagen før ferien lærte vi korleis ein måler blodsukkeret og blodprosenten på fingeren. Ingen som målte på meg, men eg målte blodsukkeret på ei i klassen, ganske artig i grunn. Så håpe eg lære ein del og i tillegg får prøve litt enkle ting mens eg er ute i praksis. Gledar meg faktisk!
Men eigentleg skulle eg vere på eit av apoteka her, men dei tok vist ikkje inn i år, så då vart det legekontor.

lørdag 26. september 2009

Tanker

Akuratt no sitte eg på loftsrommet mitt hos pappa og tenker. Tenker på kvifor ting er som dei er, og kvifor ting skjer slik dei skjer. Ting du ikkje vil skal skje... 

Kva skjuler seg eigentleg bak smilet til folk? 

mandag 21. september 2009

Slik er no livet...

Ting skjer fort, alt for fort til tider. Så fort at du kanskje ikkje klare å følge med. I vert fall når det gjeld personar du trudde var ein god ven. For plutseleg ein dag, er personen som ein fremmed, oppfører seg som ein heilt anna person, utan at du forstår kva som har skjedd eller kva du har gjort galt. Kvifor er det slik?

Eg vil berre vite kva eg eigentleg gjorde galt...

onsdag 29. juli 2009

Kva skal man sei?

Eg kjem jo på jobb som vanleg kl. 07.00 som eigentleg er alt for tidleg for meg sidan eg då må stå opp så utruleg tidleg. Men eg våkne no litt på sykkelturen opp til sjukehuset. Så når eg kjem på jobb, smører eg rundstykke som vanleg. Så begynte eg å lage til frukost tralla som eg skulle ha med opp på Ort. og i dag var eg heilt aleine der oppe, men det gjekk no bra. Berre at då eg nesten var ferdig med middagen der oppe aleine, kom ho eine frå kjøkkenet og lurte på om eg trengte hjelp, så vart ho litt irritert sidan eg ikkje hadde tatt ei skikkeleg ause til rømmegrauten, men eg trudde jo ikkje grauten var så blaut heller akuratt då... Og så såg ho at eg hadde tatt eit fat med spekemat og eit fat med salat og ein melon bit eller kva det no enn var, og vart då ein smule irritert då og, sidan det tok så utruleg lang tid i følge ho å bli ferdig når eg gjorde det på den måten istede for berre å ha alt på eit fat. Men sjukepleiaren der oppe synst no i vert fall det var bra eg hadde gjort det sånn, så det ikkje vart så "rotete og blanda". Men eg kom meg no ned igjen på kjøkkenet så dei kunne ta pause som dei så inderleg ville ha. 
Så mens dei gjekk til pause, tørka eg utav mattralla eg hadde med opp og satte på plass dei tinga eg ikkje hadde brukt. Så begynte eg med å vaske golvet, men då kom dei ned igjen frå pausen, så då gjekk eg for å lage meg mat til eg skulle gå til pause.
Etter pausen, gjekk eg ned for å hente kveldsen og seinkveldsen som skulle opp på Ort. og så tok eg med oppvasken derifrå og ned i 1 etg. som vanleg og vaska opp. Og då eg var ferdig med det, gjekk eg ned igjen på hovedkjøkkenet, satte dei tinga på plass der dei skulle vere, for så å vaske ferdig golvet. Og då golvet var ferdig vaska hadde eg egentleg ikkje så mykje å finne på, så då venta eg berre på at kl. skulle bli 15.00 så eg kunne reise heim. Eller på Optikaren først då, sidan eg skulle bestille ein ny time til synstest hos ein anna optikar sidan det var billigare der. Og det fikk eg då, så no får eg berre vente til neste fredag (7. August). Så får eg no sjå kor dårleg synet mitt er, og så er det også å velge brille... Vanskeleg!

tirsdag 28. juli 2009

Drit og!

I grunn trur eg at eg skal vere glad eg berre skal vere nede på hovedkjøkkenet ute dinna veka her, og evt. på mandag. Dei 2 siste vekene skal eg vist vere oppe, og godt er det! For no er eg drit lei av å vere nede med enkelte av dissa sure dretkjerringane som blir sure for den minste ting. For i dag stod det at både eg og Sofie skulle vere på Ort. så vi gjekk no opp med frukosten og middagen og det der som vanleg. Men etter 9 pausen pleie vi å ta oppvasken frå frukosten, men Sofie sa vi heller kunne vente med den og ta den ilag med oppvasken frå middag, og det vart eg då einig i. Så vi gjekk ned igjen etter pause og satte på plass varer som var komt og diverse slikt noko. Og etter middagen tok vi då oppvasken nede i 1 etg. som vanleg. Og det må eg no berre sei; sjukepleiera burde virkelig få seg eit kurs i stabling, for slik dei hadde stabla alt det skitne på tralla, gud hjelpe meg altså! Alt i heisen holdt fata på å dette av, og då vi var komt oss ned i 1 etg. sa eg selvfølgelig til Sofie at om det er noko som skulle dette av no, så ekje det vår feil, og kva skjer 2 sek. etter at eg hadde sagt det? Jo, ein del bestikk og diverse ting datt av tralla! Og då braut eg ut i latter mens Sofie begynte å plukke opp igjen. Og i 1 etg. av alle plassa. Men men. Då vi var ferdige med oppvasken og var komt ned igjen for å sette alt på plass og vi skulle finne fram kveldsen og seinkveldsen, begynne ein av dissa sure kvinnfolka å kjefte på Sofie om at vi ikkje trenge å vere 2 stk på avdelingane og at vi ikkje hadde satt på plass alle varene og gudane må no vete kva... Så då endte det opp med at eg vaska golv IGJEN (!) mens Sofie gjekk opp med maten. Og då eg var ferdig med å vaske golvet gjekk vi egentlig berre å venta på å få gå. Og då dei sa vi kunne gå gjekk vi selvfølgeleg.
Og då Sofie var på veg ut av garderoben igjen etter å ha skifta til vanlege kle igjen, høyrde ho dretkjerringa seie "Ho vart jammen fort ferdig" på den måten at ho meina at ho gjekk for tidleg. Men hallo? Nokre er raske til å skifte klede, og i tillegg var no faktisk Sofie sist av oss sommarvikarar! Kunne vridd nakken om ho der snart altso. 
Men ein ting er no sikkert, sjølv om det høyrtest ut som at ho eine eg jobba med i 8 etg. den første veka eg jobba på sjukehuset ville eg skulle søke til neste år, som er eg i vert fall 110% sikker på at det kjem eg IKKJE til å gjere!
Og no ventar eg eigentleg også på at eg skal få lønna mi for Juli, som eg faktisk skulle hatt den 10 Juli! Herreminhatt altso. 3 daga igjen no, før det er helg igjen, skal pinadeg bli godt!